Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Kjell Aukrust i100!

mars 10. kl. 19:00 - 21:00

100 kr

I år er det 100 år sidan Kjell Aukrust vart fødd.

«Jeg vokste opp blant kuer, griser, hester, høner, spælsau, agronomer fra Østerdalen og en illsint sveiser fra Solør. Det var på Storsteigen Landbruksskole i Alvdal, hvor far min var rektor.»

Slik skriv Kjell Aukrust om bakgrunnen sin i Alvdal. Det skulle vise seg å vera ein framifrå bakgrunn for ein av våre mest folkekjære kunstnarar innanfor så mange område.

Vi feirar minnet hans ved å by inn til ein Aukrust-kveld med forfattaren Sigmund Løvåsen. Boka hans om Kjell Aukrust kjem til hausten.

Sigmund Løvåsen (f. 1977) er frå Trysil og er busett i Svartskog i Oppegård kommune. Han studerte ved forfattarstudiet i Bø og Litterär Gestaltning i Göteborg. Frå 2012-2017 var han leiar i Den norske forfatterforening.

Løvåsen debuterte i 2003 med romanen Nyryddinga, som han både fikk Tarjei Vesaas’ debutantpris og P2-lyttaranes romanpris for. Den frittståande oppfølgjaren Brakk kom i 2006. Den tredje romanen hans , Mamsell Iversen, kom i 2009. Løvåsen har også gjeve ut skodespela sine i bokform: Daga (bok i 2004), Vente på fugl (2009) og Vid din sida (2011). Hausten 2018 kom den første diktsamlinga hans ut, Med øksene dei haustar inn.

Inngang Inkl. kaffi og kaker: 100 kr.

Detaljer

Dato:
mars 10
Tid
19:00 - 21:00
Kostnad:
100 kr
Kategorier for Arrangement:
, ,
Hjemmeside:
http://www.baerummaallag.com/161298091

Sted

Bekkestua bibliotek
Gamle Ringeriksvei 44
Bekkestua, 1357 Norge
+ Google-kart
Telefon:
67 50 96 00
Hjemmeside:
http://www.baerummaallag.com/161298091